
KI-senter: Møteplass for søkjarar
- Hvor:
Forskingsrådets lokaler, Drammensveien 288, Lysaker
- Pris:
Gratis
- Påmeldingsfrist:
20. august kl. 14:00
Om arrangementet
Forskingsrådet inviterer til møteplassar, slik at aktuelle søkjarar og partnarar kan vidareutvikle skisser (senterforslag) og finne saman i gode konsortium.
Innan møtet 27.-28 aug. skal alle innsende skisser ha fått tilbakemelding og tips/råd om eventuelle forbetringar. Ut frå dei 122 skissene skal det etablerast fire til seks KI-senter. Det er eit stort spenn i skissene med alt frå forskingskonsortium som er nesten ferdig utvikla til skisser på idéstadiet med senter-potensial, eller som eit case i eit KI-senter.
Mange blir rådde til å inngå meir samarbeid med andre relevante forskingsinstitusjonar eller andre relevante aktørar. Andre bør gå saman med ein eller fleire KI-senterskisser.
Denne møteplassen er eit godt høve til å finne samarbeidspartnarar og starte arbeidet med hovudsøknaden.
Målgruppa for møtet er
- Representantar for KI-senterinitiativ som søkjer etter partnarar eller alliansar.
- Forskarar med ønske om å samarbeide i konkrete senter-initiativ.
- Representantar for industri/offentleg sektor som vurderer samarbeid med ein eller fleire kandidatar til KI-senter.
Begge dagane blir todelte. Ein del med munnlege lyn-framføringar ("pitch") i plenum før lunsj og matchmaking etter lunsj.
Om pitch
- Pitchane blir strøymde og lagra.
- Du som framfører må vere fysisk til stades. Det blir ikkje høve til å vise power point. Det er plass til ca. 10 pitchar i kvar bolk. Du som skal presentere står klar i rekkjefølgje på podiet.
- Du får snakke i 2 minutt (på norsk eller engelsk) og gir så mikrofonen til neste i rekkja. Ein tilretteleggjar passar tida.
Det kan vere nyttig å ta med ein presentasjon på ei side (eit papirark), som du kan dele ut til dei som deltek. Bruk gjerne same mal og struktur som pitchen.
Koplingsdelen/Matchmaking blir friare og krev at du er fysisk til stades.
Pitche-presentasjonane skal ha følgjande form
- Førebu ei framføring på to minutt. Du når flest om du gjer det på engelsk.
- Fortel først kva du heiter og kva institusjon du kjem frå.
- Oppgi tittel på KI-senteret og gi ein kort introduksjon til fagområde og motivasjon for senteret.
- Fortel om kvifor du deltek på møteplassen. Kva ser du etter? (partnarar frå andre område eller institusjonar? Andre typar samarbeid?)
- Sei også gjerne noko om forventningane du har til dagen. Din motivasjon for å delta.
Om matchmaking
Vi brukar ein uformell "World Cafe"-modell der kvar pitchar får eit bord som alle kan besøkje. Deltakarane går fritt rundt frå bord til bord. For å sikre flyt blir sesjonane delte opp i 15 minutts-bolkar. Når bjølla ringjer, går du vidare til neste bord.
Matchmaking-sesjonen har relativt romsleg med tid, slik at det skal vere opning for uformelle møte med andre deltakarar, eller ein prat med oss frå administrasjonen i Forskingsrådet som er til stades.
Program
NB! Du kan følgje plenumssesjonane digitalt (intro og pitch. Merk at du ikkje kan pitche digitalt). Sendinga blir skrudd av under pausane og under matchmaking.
Introduksjon v/Forskningsrådet
Pitch del 1
Refleksjon og pause
Pitch del 2
Refleksjon
Lunsj
Matchmaking
Avrunding/ tilbakemelding dag 1
NB! Du kan følgje plenumssesjonane digitalt (intro og pitch. Merk at du ikkje kan pitche digitalt). Sendinga blir skrudd av under pausane og under matchmaking.
Introduksjon og oppsummering av dag 2
Pitch del 3
Refleksjon og pause
Pitch del 4
Refleksjon
Lunsj
Matchmaking
Avrunding/ tilbakemelding dag 2
Kontakt oss
Forskningsrådets KI-satsing
Meldinger ved utskriftstidspunkt 24. april 2025, kl. 15.18 CEST