Evaluering av matematikk, IKT og teknologi
Forskingsrådet evaluerer norsk forsking og høgare utdanning for å fremje kvalitet, relevans og effektivitet i forskinga.
Sidan 2023 har vi gjennomført ei evaluering, og den 7. april 2025 publiserte vi den nasjonale rapporten frå evalueringa.
Evalueringa har som mål å undersøke korleis norsk naturvitskapleg forsking held mål, kva slags vilkår forskinga har, og kor relevant ho er for viktige samfunnsområde.
Evalueringa vil gi råd til institusjonane, Forskingsrådet og departementa om korleis dei kan betre kvaliteten på forskinga.
Til saman har vi vurdert 56 administrative einingar og 248 forskargrupper. Fem sektorspesifikke komitear og 15 internasjonale ekspertpanel stod for evalueringa.
Den nasjonale komiteen hadde 7 internasjonale ekspertar, inkludert leiarane for dei fem evalueringskomiteane. Dei utarbeidde ein rapport om matematikk, IKT, og teknologisk forsking, som vart presentert på lanseringsseminaret.
Dette skjer no
Fagevaluering av matematikk, IKT og teknologi er no i tredje og siste fase av evalueringa. Dei fem evalueringskomiteane som skal evaluere dei 56 innmelde administrative einingane, starta arbeidet sitt i midten av mai 2024.
Medlemmane i evalueringskomiteane er internasjonale som har brei vitskapleg kompetanse, både fagleg kompetanse og andre kvalifikasjonar som erfaring med leiing, strategi- og evalueringsarbeid og kunnskapsutveksling. Totalt er det rekruttert 12 kvinner (35 %) og 22 menn (65 %) frå 15 land til evalueringskomiteane. Komitemedlemmane er rekrutterte etter forslag frå miljøa og i tillegg frå Forskingsrådets eigne ekspertdatabasar. Alle komitémedlemmane er utnemnde av Forskingsrådet.
Her finn du oversikt over medlemmane i dei fem evalueringskomiteane.
Dei 56 administrative einingane er fordelte på fem sektorspesifikke komitear, fire komitear for administrative einingar tilhøyrande UH-sektor og ein komité for administrative einingar frå instituttsektoren.
Det blir planlagt digitale intervjumøte mellom innmelde administrative einingar og evalueringskomiteane hausten 2024.
Leiarane av dei fem evalueringskomiteane skal utarbeide ein nasjonal rapport for matematikk, IKT og teknologisk forsking. Rapporten skal vere ferdig mars 2025. Ingen evalueringsrapportar vil bli offentleggjorde før i 2025.
Dei 56 administrative einingane har samla meldt inn 248 forskargrupper til EVALMIT. Forskargruppene blir evaluerte av 85 internasjonale ekspertar fordelte på 15 ekspertpanel. Evalueringsrapportane for forskargruppene vil inngå som datamateriale til den tilhøyrande administrative eininga si. Av dei 85 rekrutterte ekspertane er 26 kvinner (31 %) og 59 menn (69 %) frå 16 land.
Frå 15. mars 2024 til mars 2025 er evalueringssekretariatet i Technopolis ansvarleg for gjennomføringa av EVALMIT.
Slik går evalueringa føre seg
Forskingsrådet innleia arbeidet med å lage ein evalueringsprotokoll som beskriv roller, prosessar og ansvarsfordeling i evalueringsarbeidet. Protokollen (ligg i høyre kolonne) legg rammer for utforminga av evalueringsmandat for kvar enkelt institusjon ved å angi overordna evalueringsdimensjonar og felles evalueringskriterium.
Hovudmålet med fagevalueringa er å vurdere kvaliteten på norsk forsking innanfor matematikk, IKT og teknologi, rammevilkåra for forskinga og relevansen på forskinga for sentrale samfunnsområde. Evalueringa skal resultere i tilrådingar til institusjonane, Forskingsrådet og departementa.
Forskingsrådet evaluerer norske fagmiljø for å skape eit solid og oppdatert kunnskapsgrunnlag om norsk forsking og høgare utdanning i eit internasjonalt perspektiv. Slik kunnskap er nyttig for institusjonane som deltek i evalueringa, for oss som gir råd til styresmaktene om korleis forskinga bør utviklast vidare, og for styresmaktene som set mål og rammer for forsking og høgare utdanning.
- Informasjonsmøte 8. juni 2023: Video-opptak
- Informasjonsmøte til miljøene om NIFU rapporter til EVALMIT: Video-opptak
Fase 1: Forme evalueringsmandat
Målet med fase 1 er å forme ut evalueringsmandat for kvar enkelt institusjon. Institusjonane tek utgangspunkt i evalueringsprotokollen og tilpassar mandatet til institusjonen sine eigne strategiar og eigenart. Tidsrom: 2023.
Fase 2: Datainnsamling
I fase 2 arbeider institusjonane og Forskingsrådet med å samle inn data til evalueringa. Data blir delvis henta frå nasjonale databasar og delvis lokalt. Vi sørgjer for analysar av datagrunnlaget som skal bli brukt til å vurdere felles obligatoriske evalueringskriterium, mens institusjonane samlar inn andre data som skal bli brukt som grunnlag for å vurdere eigne strategiar. Tidsrom: 2023–2024.
Fase 3: Data blir vurderte og evaluerte
I fase 3 vil evalueringskomiteane vurdere dataa som er samla inn. Komiteane lagar ein rapport til kvar av institusjonane som blir evaluerte baserte på evalueringsmandatet for kvar enkelt institusjon. I tillegg vil komiteen skrive ei samanfattande vurdering av forskinga. Tidsrom: 2024.
Tidsplanen kan bli endra.
Oppfølging av evalueringa
Kvar enkelt institusjon vil ha ansvar for å følgje opp tilrådingane som gjeld eigen institusjon. Forskingsrådet vil nytte vurderingane til evalueringa og tilrådingar i utviklinga av finansieringsverkemidla og i rådgiving overfor departementa.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 24. april 2025, kl. 17.43 CEST